Arne Hjeltnes om MG4 og MG Cyberster: – Dette er biler som overrasker! 

Han er kjent for sin kjærlighet til norsk natur, gode historier – og solide kjøreopplevelser. Arne Hjeltnes har vært en trofast venn av Bavaria i mange år, og denne gangen har han testet to modeller fra MG som overrasket mer enn han hadde sett for seg.

Vi tok en prat med Arne etter prøvekjøringen av MG4 Luxury og MG Cyberster.

Arne, du har akkurat kjørt MG4 Luxury. Hva var førsteinntrykket? 

Eg tenkte eigentleg at dette var ein sånn fornuftig bil, men blei rett og slett positivt overraska. Han er lettkøyrd, komfortabel og har overraskande gode køyreeigenskapar. Perfekt for ein familie på fire som treng ein påliteleg bil i kvardagen, fortel Arne. 

Hva overrasket deg mest med MG4? 

At han ikkje kjennest billeg. Mange trur kanskje MG er eit slags rimeleg kinesisk alternativ, men dette er ein skikkeleg bil. Han kjennest solid, ligg godt på vegen og har ein komfort som gir deg ro i sjela, sjølv i tett trafikk. Og så ser han jo slett ikkje verst ut heller! 

Hvem passer denne bilen for, tenker du? 

Han treffer blink for familiar. Du har god plass, enkel teknologi, og du slepp å punge ut for dei aller dyraste elbilane på marknaden. Og så er han fin både til bykøyring og til hytta. Eg kunne fint sett føre meg at denne stod parkert ved ei stølshytte med ski på taket.  

Og så fikk du prøve MG Cyberster – den ser jo ganske vill ut? 

Ja, det var ei heilt anna oppleving! Han er jo noko heilt for seg sjølv. Opne taket, høyre litt vindstøy og kjenne at bilen svarar når du trykkjer på gassen – det er rett og slett rått. 

Hva var det du likte best? 

Køyrekontrollen. Han ligg lågt og presist på vegen, og du får den gode kjensla av å vere eitt med bilen. Og så har han noko leikent over seg – som om han seier: ‘Skal vi finne ein svingete veg og ha det litt gøy?’

Så hvem er Cyberster for, da? 

Det er jo ikkje bil nummer éin for familien, akkurat. Men for dei som har lyst til å kose seg litt ekstra, som vil ha noko som skil seg ut – dette er ein bil du smiler av. Og så ser han jo ut som ein million, utan at det kostar det.

Mange nordmenn kjenner ikke MG så godt ennå – hva tenker du om merket etter dette?

Eg trur folk kjem til å få augo opp for MG. Dei nye modellane held overraskande høg kvalitet, og prisane er til å leve med. Det er faktisk ein oppegåande konkurrent til mange av dei etablerte merka. Du får mykje bil for pengane – utan at du må fire på kjensla av kvalitet.

Så, en liten oppsummering: Hva sitter du igjen med etter disse to prøvekjøringene?

MG4 er fornuft med ein liten wow-opplevelse på toppen, og Cyberster er rett og slett ein vitamininnsprøyting. Og det er kjekt å vite at det finst alternativ som både er gode å køyre og gode for lommeboka – utan at ein føler ein kjøper noko halvvegs.

Arne Hjeltnes har kjørt mange mil i sitt liv, men MG-opplevelsen var noe litt nytt. Kanskje er det nettopp det MG er – et forfriskende, moderne pust i bilverdenen, som tar deg dit du skal med både stil, kontroll og litt glimt i øyet.