Arne Hjeltnes på Vestlandet med MINI

Den nye spretne MINI Electric som eg har lånt av Bavaria er ein morosam turkamerat. Denne veka tok eg den elektriske kameraten min med meg til Voss.

Ein nydeleg tur uansett kva du køyrer eller rører deg med, men med den kjappe og innsatsvillige Minien vart det ekstra moro. Bilen heng utruleg godt i svingane, og dei er det mange av på Vestlandet.

Der kan du nemleg køyra fort utan å mista lappen. Svingane er så skarpe at du sjeldan er i fare for å bryta fartsgrensa særleg moro. Men køyregleda er likevel stor.

Min tur gjekk fyrst opp Hallingdalen. På Bromma var det kaffi og ein kjapp titt på lamma som spratt rundt i det frøne graset ved ladestasjonen.

Stoppane er korte for Minien er klar for tur etter berre nokre minutt. Den ladar veldig raskt.

Ei lefse på Geilo med topping av batteriet, og så over Hardangervidda i strålande kveldssol.

Måbødalen ned til Hardangerfjorden er svingete og fin.

Du føler at du køyrer bil, brukar rattet og sit komfortabel i racerbil-stolane.

Vel nede er det ei oppleving å cruisa utover det utrulege byggverket, Hardangerbrua.

Over den så er det sjarmøretappe opp Skjervet til Voss.

Voss i sumar bør du unna deg. Takka være Ekstremsportveka, som er sist i juni, er tilbodet av adrenalin utfordringar for både tøffe og vanleg tøffe turistar stort. Det er rafting, sykling, fallskjermhopping og ein vindtunnel som er heilt unik, når været slår om.

Heimatt tok Minien og eg turen via Flåm og Lærdal og over Filefjell. Langs indrefileten av Sognefjorden og så rett inn i fjellheimen.

Det og ein super tur med ein heiltent elektrisk turkamerat.

På berre nokre timar kan du og vera på desse vegane.

God tur.