Arne Hjeltnes tester BMW X2 Ladbar Hybrid

Snerten ladbar følgesven til fjells

Den sporty og moderne X2-en er ein bil det er lett å ta med seg og lika på ein tur ut på morosame norske vegar. Den sit ualminneleg godt på vegen og gir ei utruleg fin køyreglede på svingete norske vegar.

Når den i tillegg kan ladast opp og gje litt over 4 mil med el-kraft, så er det ein super bil for norske forhold. Eg tok med X2 på tur til både Norefjell og Beitostølen heilt på tampen av hausten. Begge desse vintersportstadene kjem til å vera veldig populære framover, så lenge nordmenn framleis må halda seg innaskjærs.

Det er slett ikkje noko straff. Det er ikkje berre sumaren som egnar seg for bilturisme her nord. Heile året byr på eit vell av fine turar. Fjellet kjem til å lokka oss i lang tid framover.

Og då gjeld det å ha ein bil for norske forhold.

Les også: På tur med Arne Hjeltnes

Computeren er og av aller siste slag. Den varslar når du kjem innafor Ringvegen og bør svitsja til elektrisk køyring. Mest imponerande var det likevel då X2 og eg var på veg mot Valdresflya og bilen melde at det var snø i vegbanen to kilometer lenger framme.

Dette var min fyrste tur med X2. Eg synes den faktisk var både stor nok og sterk nok.

Og så var det moro at den vart ein snakkis i venneflokken min, der den stod utafor hytta og fekk elektrisk påfyll.

God biltur, folkens!

(Bildene er tatt av Arne Hjeltnes)

Se vårt utvalg av BMW hybrid modeller.