Arne Hjeltnes på tur med BMW 530e ladbar hybrid

Vestlandet med en splitter ny BMW 530e Ladbar hybrid.

Vår engasjerte og BMW interesserte ambassadør Arne Hjeltnes var i sommer på tur på Vestlandet med en splitter ny BMW 530e Ladbar hybrid – her er hans historie, uredigert:

Sumaren er over, men flotte bilturar i det vakre landet vårt er det ikkje slutt på.

Det er klart det er ekstra moro med flott bil og særleg behageleg er det med ein Plug-in hybrid, der du alltid er køyrbar og har den deilige elkrafta i kombinasjon med ein skikkeleg motor. Det får fram smilet, når du susar avgarde.

Turen min starta på Lillestrøm og gjekk via Beitostølen over Filefjell og ned til Sognefjorden ved Lærdal. Målet er naturlegvis Voss. Ei tips er å stikka innom dei vakre fjordbygdene Lærdal og Aurland. Begge stader kan du overnatta med stil. Lærdalsøren Hotel og det nye gardsboutiquehotellet 29/2 er gode alternativ.

I Aurland er det ein koseleg kafe med heimelaga varer, perfekt for ein kort pit-stop.

Lærdalstunnelen var ei ingeniørbragd då den stod ferdig. Inne i tunnelen er det fargerikt opplyste holer som skal halda deg vaken. Vidare går ferda spektakulært opp frå Sognfjorden med deilige svingar for ein BMW 530e Ladbar hybrid til Voss, ei bygd med mange muligheter.

Sjølve Voss har det svært sjarmerande gardshotellet, Store Ringheim, og det nye flotte Scandic hotellet som ligg på jernbanestasjonen ved sida av Voss Gondol som stod ferdig i 2019 og har ein veldig flott restaurant med vid utsikt på toppen. I Vangsgata på Voss finn du Vangen Cafe, der Gordon Ramsey bestilte seg ein heimelaga lasagne sist han var innom og den unike cocktailbaren Skrot. Midt på torget ligg kafeen Tre Brør.

Eit besøk på det sjarmerande Voss Fellesbryggeri med ølsmaking og gode historiar kan arrangerast og Park Hotel har ein av verdas flottaste vinkjellarar med over 40000 flasker. Det er med andre ord lett å vera bilturist på Voss. Turen heimatt kan du ta over Riksveg 7 ned Hallingdalen eller køyra innerst i Hardangerfjorden via Odda og så over Haukelifjell og ned gjennom Telemark.

Det er berre å finna fram køyrehandskane og ein triveleg passasjer.
Plug-in hybrid bilferie er her for å bli.

God tur.
Arne Hjeltnes

(Bildene er tatt av Arne Hjeltnes.)

Se vårt utvalg av BMW hybrid modeller.